Vêret |
Valuta |
| |
Dei Nynorske Festspela
Årleg nasjonal festival, arrangert i Ivar Aasen-tunet.
Kultur- program med aktivitetar, konsertar og
utstillingar. Kulturell stormønstring
dagane 23. - 27. juni 2004.
www.aasentunet.no |
Hjørundfjorddagane

Kulturarrangement med utstillingar, familieshow
og konsertar, 5-6 juni 2004.
|
Ørsta rockefestival
Ørstafestivalen vert arrangert kvart år i Ørsta
sentrum.

Rockebanda som spelar er nokre av dei mest spennande
rockebanda i Noreg. Gå ikkje glipp av flott underholdning
mot slutten av august!
orstafestivalen.com
|
Fiske i elvar, vatn og sjø

Ørsta har 9 lakseførande vassdrag, lett tilgjengelege
vatn og fiskerike fjordar. |
Hjortejakt

Ørsta
er største hjorte- kommunen i Møre & Romsdal.
|
Skriv ei
helsing
i vårt
nye "gjestekart". Ved å klikke
på "GuestMap" nedanfor får
de opp eit verdenskart der de kan markere heimstaden
dykkar og leggje inn ei lita helsing. Ytterleg
forklaring finn du i sjølve gjestekartet
(kun på engelsk).

|

|
|
.: Sunnmørsalpane
- eit eldorado for fjellfolk og naturelskarar
Majestetiske tindar og alpine fjellformasjonar
skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområder. Fjella
stuper loddrett i fjorden frå 1500-1600 meters
høgd.Sunnmørsalpane strekkjer seg frå Nordfjord
i sør til Storfjorden i nord. Turistforeininga
(DNT) har 3 hytter i området vårt, Patchellhytta,
Standalhytta og Tyssenaustet. Her finn du alt
frå enklare ruter og oppmerkte stiar i flate fjelldalar
til meir utfordrande klatreruter og "tinderangling".
For organiserte turar, fjellklatring, opplevingsprogram
og kurs i korleis ein kan meistre utfordringane
ein møter i fjellet. Les meir på www.sunalp.no
|
|
| .: Populære
attraksjonar i Ørsta Kommune |
|
Hotel
Union Øye
Kommunen
si stoltheit og største kulturattraksjon. Bygd
i 1891 og restaurert attende til si opphavlege
form i 1991. |
|
Norangsdalen
har skredskapte
vatn. Det mest kjende er Lygnstøylvatnet, som
vart danna av eit ras frå Keipen i 1908. |
|
Sjøbuda Ramoen
er ei restaurert sjøbu kombinert med
eit museum som syner ein kopi av båten S/S Ramoen. |
|
Ivar
Aasen-tunet
Det nye
reisemålet på Sunnmøre! Inneheld stor og moderne
utstilling om språk og kultur. |
|
Kvernhusa
i Skorgeura
I
Skorgura står 3 restaurerte kvernhus. Her kan
du sjå korleis dei mol kornet i gamle dagar. |
|
Trollgjøttemannen
Ei segn seier at Trollgjøttemannen i
fjellet Nes-staven vart stempla inn i berget då
pila til Heilag-Olav streifa det. Kan du sjå han? |
Korleis
reiser du til oss
Frå
Oslo:
E6
nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid
og E39 til Ørsta. Ferje mellom Folkestad og Volda.
Frå
Bergen:
E39
nordover. Ferje frå Oppedal til Lavik, frå Anda
til Lote og frå Folkestad til Volda.
Frå
Trondheim:
Alt.
1: E39 sørover. Ferje frå Halsa til Kanestraum,
frå Molde til Vestnes og frå Solavågen til Festøya.
Alt.
2: E6 til Dombås, riksveg 15 til Nordfjordeid
og E39 til Ørsta.
Alt.
3: E6 til Dombås, E136 til Ålesund og E39 til
Ørsta.
Ørsta/
Volda Lufthamn Hovden:
Daglege
flysamband med Sandane, Sogndal, Oslo og Bergen
Tog:
Frå
Oslo og Trondheim kan ein ta tog til Åndalsnes,
E136 til Ålesund og E39 til Ørsta |
Vil
du ha meir informasjon om Ørsta?
Ta kontakt per telefon 700 68518 eller e-post.
Minner frå Ørsta
Turistinformasjonen
i Ørsta sel souvenirer som T-skjorter, bøker,
postkort, lokalt handarbeid med meir... Om du,
etter å ha lese web-sidene våre, er meir nysgjerrig
på informasjon når du kjem til Ørsta, finn du
oss godt synleg i sentrum i Parkveien 7. |
|
|