Gå til norsk versjon
Go to english version
       

.: Sunnmørsalpane - eit eldorado for fjellfolk og naturelskarar

 
Majestetiske tindar og alpine fjellformasjonar skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområder. Fjella stuper loddrett i fjorden frå 1500-1600 meters høgd.Sunnmørsalpane strekkjer seg frå Nordfjord i sør til Storfjorden i nord. Turistforeininga (DNT) har 3 hytter i området vårt, Patchellhytta, Standalhytta og Tyssenaustet. Her finn du alt frå enklare ruter og oppmerkte stiar i flate fjelldalar til meir utfordrande klatreruter og "tinderangling". For organiserte turar, fjellklatring, opplevingsprogram og kurs i korleis ein kan meistre utfordringane ein møter i fjellet. Les meir på www.sunalp.no.
 
|
     
Vêret Valuta


Kva skjer i Ørsta akkurat no?


Dei Nynorske Festspela
Årleg nasjonal festival, arrangert i Ivar Aasen-tunet. Kultur- program med aktivitetar, konsertar og utstillingar. Kulturell stormønstring dagane 23.-27. juni 2007. Lista er lagt høgt for 2007, finn ein å lese i i Symra 2/2005, nyheitsskriv frå Ivar Aasen-tunet.
www.aasentunet.no


Hjørundfjorddagane
Kulturarrangement med utstillingar, familieshow og konsertar,  2. - 3. juni 2007

Ørsta rockefestival
Ørstafestivalen vert arrangert kvart år i Ørsta sentrum.

Rockebanda som spelar er nokre av dei mest spennande rockebanda i Noreg. Gå ikkje glipp av flott underholdning mot slutten av august!
orstafestivalen.com

Fiske i elvar, vatn og sjø

Ørsta har 9 lakseførande vassdrag, lett tilgjengelege vatn og fiskerike fjordar.
Hjortejakt

Ørsta er største hjorte- kommunen i Møre & Romsdal.

 

 

.: Kva skjer i Ørsta

 

 

Sunnmørsalpane guide 2007-2008 (.pdf, 6.23 Mb)

Utsikt frå saudehornet.

 

Nesten oppe!

Løypebilete Saudehornett rett opp.

Ørsta har 5års jubileum i motbakkeløp i 2007

I forbindelse med det årlege fjell-løpet Saudehornet rett opp, har Ørsta fått glede av å arrangere Norgesmeisterskap i motbakkeløp.

Løpet går frå Ørsta sentrum og opp på det 1303 meter høge Saudehornet, ei rute på vel 5 kilometer. Dato for arrangementet er laurdag 4. august 2007.

I fjor var det opp imot 1000 deltakarar med, og neste år håper vi på endå fleire! Du treng sjølvsagt ikkje å springe for å være med, det er også mulig å starte som mosjonist, og å nyte den vakre turen. Mosjonistane startar mellom 8.00 og 10.30, og så følgjer ein halvtime pause. Deretter er det start konkurranseklassa, som er oppdelt i kvinner og menn, og alderen på desse.

Naturfestivalen i Ørsta varer heile den veka løpet skal arrangerast, frå 28. juli til 5.august. Denne veka vert det mange forskjellige arrangement, frå guida fjellturar til eventyrstund i den trolske Skorgeura. Det vert fotokurs og kjerringtorg, småbåttreff og liv og røre i sentrum!

Ørsta er eit eldorado for alle som er glad i norsk natur, her finn du det aller beste Noreg har å by på! Her er turar for både store og små, trena og utrena. Du går frå tare til tind, og utsikta på ein fin dag er fantastisk. Og over skyene er himmelen alltid blå…

For meir informasjon: Sjå vevsida.
www.saudehornet.no

 

Foto: Ørsta Skisenter

Terrenget ved skisenteret gir eit glimrande utgangspunkt for frikøyring i laussnø for alpin-snøbrett- og telemarkkøyring.
Dalbotnen ved nedre heisstasjon ligg på 320 m.o.h og avstigning på trekket i Nottane ligg på 870 m.o.h., som utgjer ei fallhøgde på 550m.

Du kan lett nå næraste fjelltopp, Veirahaldet 1200m.o.h., ved å gå frå avstigninga på trekket i Nottane.
Ørsta Skisenter har 4 heiser ( 3 skitrekk og 1 stolheis). 6 nedfarter med forskjellig vanskelegheitsgrader og ein halfpipe for snøbrett.

Skisenteret har alpinbakke med lys, 1100m.
Ved skisenteret ligg ei lysløype for langrenn, 5km og turløype til Åmskaret 10km.

 

 

Ørsta Skisenter A/S

Snart er kjem vinteren med snø kulde og fantastiske opplevingar på Bondalseidet.

Vi gledar oss!

www.orstaskisenter.no

 

Naturfestivalen 30. juli - 6. august 2006
Klatrekurs i Molladalen
Toppturar til Kolåstinden & Slogen.
Kombinerte båtturar og fjellturar på/langs Hjørundfjorden, tradisjonsmat og lurlokk og feleslåttar. Tandem Paragliding
Trolltur i Skorgeura, Vikingtokt til Raudøya, Konsertar, Me`morgås,
natur- og kulturopplevingar kvar dag, og mykje anna! Kjem tilbake med nytt program seinare.
www.naturfestivalen.no

Bondens Marked
Bondens Marked etterlyser
fleire torgseljarar. Særleg frukt og grønt manglar vi. Elles er diverse
bakst mangelvare - unnateke lefser som vi har fleire som sel.
Bondens marked Sunnmøre dekker heile Sunnmøre. Førebels har det vore arrangert torgdagar i Ørsta, Ulsteinvik og på Moa. I slutten av august skal BM delta på matfestivalen i Ålesund. Ein prøver å ha ein marknadsdag i månaden - med eit opphald på kaldaste vinteren.
Torgdagar for 2005, PDF-fil

Brudavolltunet

Brudavolltunet ligg ved Rv. 655, 4 km frå Ørsta sentrum, og er eit originalt gardstun frå 1800-talet. Her finn ein stove, kårstove med eldhus, stabbur, låvebygning med fjøsar, smie, hage med blomsterenger og tuntre.

Opningstider: 01.06. - 31.08.
Onsdag - fredag kl 12.00 - 15.00
Søndag kl 14.00 - 18.00.
Informasjon og omvisning,
tlf 70 06 66 44

Fru Svendsen kunst- og kulturfafè
Det er kafè og galleri i første etasje. Her vert det servert tradisjonelle heimelaga kaker og lunsjmat. Ein svært hyggeleg og lun kafe med atmosfære.

I Svendsengarden er det utstillingar av måleri, kjeramikk og andre handverksprodukt.

Vikegata,
hovudgata i Ørsta sentrum, er blitt gågate. Det er noko som som innbyggjarane her set stor pris på. Det er dessutan sett ut benkar og bord som folk kan sette seg ned på og slå av ein god prat med kvarandre.

På fine sommardagar skjer det mange hygjelege ting i gågata.
Lag og organisasjonar sørgjer for underhaldning og musikk av mange slag. Det er grilling og svelesteikning, vi et, shoppar og storkosar oss.

 

Ørsta Småbåthamn                  
ligg vekkert plassert i Ørsta sentrum. Hamna er rangert på førsteplass som ein av dei beste hamnene på Vestlandet. Her er 24 gjesteplassar og hamna har alle fascilitetar. Ørsta er ein typisk norsk bygdeby med ca 6 000 innbyggarar i sentrum.

Frå hamna kan du gå direkte ut i naturen på fotturar, her er lakseelv, eller du kan besøke Brudavolltunet og nasjonalt senter for nynorsk språk og kultur; Ivar Aasen-tunet. På Svendsengarden serverar dei velsmakande og heimelaga kaker.

Rust club & scene er ei musikk- og kulturscene i Ørsta. Dei arrangerar konsertar med kjende og ukjende artistar, Stand-Up og clubkveldar med nasjonale og lokale dj's.

www.rustclub.no

Ørsta Bowling                   
Ny bowlingghall på Fjord-torget i Ørsta sentrum. 
Opningstider:
man-fre: kl. 11.00-23.00
lau: 11.00-24.00
søn: 14.00-23.00
www.orstabowling.no



Lysfjøset på Barstad
Lysfjøset er eit lysstøyperi som held til i eit restaurert fjøs der eldste delen er frå 1867. Her kan små og store oppleve lysstøyping på ekte tradisjonelt vis. Lysa vert laga for hand, farga og dekorert etter kunden sitt ynskje. Ein har difor spesiallaga lys til anledningar som bryllaup, konfirmasjon, jul, påske m.m. I tillegg kan Lysfjøset tilby diverse interiørartiklar. Vertskapet tilbyr enkel servering.

Kontaktperson: Målfrid Halse, Barstad, 6150 Ørsta
Tlf.: +47 70 06 10 39/+47 482 34 779
E-post: mh@lysfjoset.no
www.lysfjoset.no
Jakobgarden
Jakobgarden på Bjørke kan tilby ulike aktivitetar innan naturopplevingar på hesteryggen sommar som vinter, alt frå dagturar, weekend og vekesturar for born, ungdomar, vaksnr, familiar og bedrifter.
Våre produkt er:
Ein og todags rideturar
Fjordhestweekend
Kurs i fjellriding
Rideleir sommar, høst, vinter og påske
Gardsferie
Området der Jakobgarden fjordhestgard ligg har ein mektig og imponerande natur
for fjellturar, jakt og fiske i fjord. Er du glad i å ha dyr rundt deg, finns her hestar, sauer/lam, hund, katt, kanin, marsvin, høns, gris o.s.v.Visste du at fjordhesten finns i 5 ulike fargar?
Jakobgarden er den einaste i landet som har dette på stallen.

Kontaktpersonar: Anette og Kjartan Alnes. Tlf: +47 70 06 92 92/+47 901 88 486
E-post: post@jakobgarden.no www.jakobgarden.no


.: Populære attraksjonar i Ørsta Kommune

Hotel Union Øye

Kommunen si stoltheit og største kulturattraksjon. Bygd i 1891 og restaurert attende til si opphavlege form i 1991.

Norangsdalen 

har mange skredskapte vatn, og små gamle setrar. Dette er Stavbergsetra. Dei små gamle seterhusa vart bygde inn i bakken som ly mot ras. Informasjonstavle og sittegruppe på nedsida av vegen.

Sjøbuda Ramoen
er ei restaurert sjøbu kombinert med eit museum som syner ein kopi av båten S/S Ramoen.

Ivar Aasen-tunet

Det nye reisemålet på Sunnmøre! Inneheld stor og moderne utstilling om språk og kultur.

Kvernhusa i Skorgeura

I Skorgura står 3 restaurerte kvernhus. Her kan du sjå korleis dei mol kornet i gamle dagar.

Trollgjøttemannen
Ei segn seier at Trollgjøttemannen i fjellet Nes-staven vart stempla inn i berget då pila til Heilag-Olav streifa det. Kan du sjå han?

Korleis reiser du til oss

Frå Oslo:

E6 nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta. Ferje mellom Folkestad og Volda.

Frå Bergen: 

E39 nordover. Ferje frå Oppedal til Lavik, frå Anda til Lote og frå Folkestad til Volda.

Frå Trondheim:

Alt. 1: E39 sørover. Ferje frå Halsa til Kanestraum, frå Molde til Vestnes og frå Solavågen til Festøya.

Alt. 2: E6 til Dombås, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta.

Alt. 3: E6 til Dombås, E136 til Ålesund og E39 til Ørsta.

Ørsta/ Volda Lufthamn Hovden: 

Daglege flysamband med Sandane, Sogndal, Oslo og Bergen

Tog:

Frå Oslo og Trondheim kan ein ta tog til Åndalsnes, E136 til Ålesund og E39 til Ørsta

Vil du ha meir informasjon om Ørsta?
Ta kontakt per telefon 700 68518 eller e-post.
Eller du kan laste ned brosjyre vår: pdf

Minner frå Ørsta  

Turistinformasjonen i Ørsta sel souvenirer som T-skjorter, bøker, postkort, lokalt handarbeid med meir... Om du, etter å ha lese web-sidene våre, er meir nysgjerrig på informasjon når du kjem til Ørsta, finn du oss godt synleg i sentrum i Parkveien 7.

Skriv ei helsing i vårt nye "gjestekart". Ved å klikke på "GuestMap" til venstre får de opp eit verdenskart der de kan markere heimstaden dykkar og leggje inn ei lita helsing. Ytterleg forklaring finn du i sjølve gjestekartet (kun på engelsk).
Medlemsbedrifter kan du laste ned her
 
.: Sponsorar :.

Geir

Vi takkar våre sponsorar:

 

 

 

 


Denne sida er laga for 600x800 skjermoppløysing.
Ved å vitje og surfe på denne nettstaden, aksepterar du utan avgrensingar eller kvalifikasjonar, at forfattaren og utgjevar ikkje kan haldast ansvarleg for feil, forsømmingar eller seinare endringar.
 
L