Attraksjonar i Ørsta-området |
|
Labyrinten
Den julianske borg er ein låg, steinsett labyrint ved Grøthornet på Daleheida, ca. 900 meter over havet. Labyrinten er snødekt til utpå sommaren. Slike steinsette labyrintar vert kalla trojaborger og finst i store delar av Europa. Vartdal er einaste staden vi kjenner til slike labyrintar mellom Finnmark og Oslofjorden, og berre her ligg dei høgt til fjells.
Mellom dei trongaste dalførea i Noreg, prega av kampen mot naturkreftene: Ved Jelskredsvatnet er dalbotnen fylt av utrasa ur. På Urasætra og Stavbergsætra
la dei husa inn i bakken som ly mot ras. Lygnstøylvatnet: vart til då
eit ras demde opp elva i 1908. Hotel Union Øye er ein attraksjon i seg sjølv, gjenskapt slik det sto ferdig i 1893. 7 europeiske dronningar har teke turen gjennom Norangsdalen. ![]() Perla blant fjordane. Fjorden skjer seg 35 km inn gjennom landet og er innrama av ein taggete mur av loddrette fjell. I ei høgd av 1200- 1600 m.o.h. står fjella som kjempestatuar. ![]() Frå Follestaddalen og vidare oppover fjellheimen. Hesteskyss med Kolås Skysstasjon, fraktar deg forbi den idylliske Myklebustsætra og oppover mot dei trolske tindane. Her ligg dei mektige fjella på rekke og rad. www.orstainfo.no/hesteskyss Ca. 125 år gamal husmannsstove og ca. 400 år gamal tingstove, båe står opp ved tuna på Bjørke. Omvising v/ Perry Bjørke eller Kari Ann Bjørke. Tlf.: 70 04 10 53. ![]() Kvern frå 1804, kvelvingsbru frå 1864, står like ved kverna. I dette vakre tuent blei diktaren og språkgranskaren Ivar Aasen fødd i 1813. Nytt nasjonalt senter for nynorsk språk og kultur. Dette er det mest moderne og spennande bygget i Norge, teikna av Sverre Fehn. Besøksadresse: Indrehovdevegen 179, Hovdebygda, 6150 Ørsta. Tlf.: 70 04 75 70 www.aasentunet.no. På Vartdal skule. Kontakt Per Inge Myklebust for omvising. Tlf.: 70 04 23 13/70 04 21 50
Leknes, V/ Mai- Lis Leknes Koseleg utflukt for familiar med born. Trandal, v/ Karin og Per Jarle Trandal. Tlf: 70 06 15 52 Startar ved skogvegkrysset ovanfor Brudevolltunet, til Kuhammaren. Herifrå fleire alternative ruter og tilbaketur over Ørsta sin "Bessegg". www.brudevoll-gard.no ![]() På jakt etter huldra! Rikt fugleliv. Særskilt fin familietur i naturvakkert område. Kan trille barnevogn og sykle. |
|