Gardsbesøk og hesteriding:
Standal
Natur- og feriesenter, Ytre Standal
Heilårsope. Her er det 120 geiter, ein hund og storfe. Leikeplass med trampoline
og klatrevegg på løeveggen. Bli med oss i fjøsen når geitene skal mjølkast.
Vertskap: Marta og Kjetil Standal, Tlf.: 70 06 15 43
Kolås
Skysstasjon, Myklebustsetra
Ope: 20. juni - 20.august, elles etter avtale. Køyring med hest
og kjerre midt i hjarta av Sunnmørsalpane. Besøk på ei unik samling av
gamle bruksting og gjenstandar. Høve til å kjøpe rømmegraut på Standalhytta.
Kontakt, Tlf.: 70 06 85 18
Brudevoll
Gard, Ørsta
Fjordhestar til leige for ridekyndige. Turar i skogs- og fjellterreng.
Kontakt Brudevoll Gard, Tlf.: 70 06 71 05 Fax: 70 06 73
18
Bading:
Osbogen
ved Ørsta Camping. Sandstrand og friluftsområde. Toalett.
Hovdevatnet
i Hovdebygda. Sandstrand.
Vaulen
ved Rjåneset. Sandstrand, svaberg og flytebryggje. Toalett.
Vatnesanden
ved Vatnevatnet. Sandstrand og toalett.
Klatring:
For
deg som ynskjer meir luftige utfordringar kan vi anbefale dei vel
60 rutene (grad 3-7) i Molladalen, Kyrkjesteinen i Skorgeura (grad 3-8)
det bratte berget Toskefloget (grad 7-8) eller eit av klatrefjella i Hjartåberga/Aldalen
(Volda kommune)(grad 3-7).
I tillegg til det naturskapte klatreeldorado Sunnmørsalpane kan tilby
finn du ein innandørs klatrevegg, ”klatresiloen” i Volda. Dei ulike turmåla
og fjelltoppane som er omtalte her kan nåast på eiga hand, eller i følgje
med lokale turleiarar:
SunAlp, Tlf.: 70 07 74 83/909 34 884
Sunnmørsk Klatreklubb, postboks 299, N-6151 Ørsta
Ørsta IL, Trimgruppa, Anders Granly Rebbestad, Tlf.: 70 06 10 44
Ørsta
Skisenter AS
Skianlegg med snøkanoner, stolheis, skitrekk og barnetrekk. Lysløype for
langrenn og alpint. Skiutleige. Flott startpunkt for hanggliding og paragliding.
Arena for Norgescup-tevlingar og meisterskap. Førehandstinging for sommartrafikk
med stolheis og servering.
Kontakt: Ørsta skisenter, Tlf.: 70 06 31 57 / 70 04 02 31 / 70 06 81
42
Dykking
Dykke-entusiastar finn mange spennande og utfordrande dykkemål i fjordane
våre. Under overflata, i tareskogen, ligg det ei eventyrverd og ventar.
Luftfylling 200/300 bar, Møredykk, Tlf.: 415 54 509. Utleige
av dykkarutstyr, Tlf.: 907 60 258
Båthamner og gjestebryggjer:
Ørsta
småbåthamn, sentrum.
16 gjesteplassar ved flytebryggjer. Ferskvatn, straum, diesel, sjøsettingsrampe,
søppelcontainer, telefon, sanitæranlegg, vaskemaskin og tørketrommel.
Ørsta Småbåtlag, Tlf.: 70 06 74 09
Sagafjord
Hotell småbåthamn, Sæbø
50 gjesteplassar. Tilgang til ferskvatn, straum, bensin, diesel, søppelcontainer,
telefon, sanitæranlegg, vaskemaskin og tørketrommel. Tlf.: 70
04 02 60
Øye
Småbåtlag, Norangsfjorden
40 gjesteplassar. Tilgang til ferskvatn, straum, sanitæranlegg og vaskemaskin.
Tlf.: 70 06 21 00
Båt-turar:
Vi
oppmodar deg og reisefølget ditt om å bli med på ein fisketur, fjordsightseeing
eller rett og slett ei minnerik og ramsalt oppleving. Dei fleste campingplassar
og private hytteutleigarar har småbåtar for utleige. Møredykk arrangerar
dykke-, fiske- og båtturar med MS "Janko Senior" i Ørstafjorden
og Raudøyområdet. Tlf.: 415 54 509 Dykkarutstyr til leige,
Tlf.: 907 60 258
Fjellturar:
Brudavollen
natur- og kultursti  Tid:
45 min.
Start: Brudavollen, 4 km frå Ørsta sentrum. Familievenleg, godt skilta
med informasjon om tre, plantevekst og kulturminne. Sportsfottøy. Turen
kan kombinerast med tur til Brudavoll- nakken. Kok kaffi i den gamle jakthytta,
deretter til Brudavollsetra, Sandhornet (909 m o.h.) eller Grøthornet. Tilbaketur
til Ørsta sin ”Bessegg”, til Brekkesetra og Hellevegen. Tid:
3-4 timar.
Molladalen 
Tid: 2,5 timar frå Barstadvik, evt. 5-7 timar frå Ytre Standal/Romedalen.
Start: Barstadvik, Ytre Standal eller Romedalen.
Bratt og krevjande terreng. Godt fottøy. Populært tur- og klatreområde.
”Luftige” parti er sikra med ståltau.
Slogen
(1564 m.o.h.)  Tid:
4 timar opp, 3 timar ned.
Start: Øye – Skylstad eller Urke evt. Stranda. Delvis Bratt og krevjande.
Godt fottøy.
Majesteten mellom Sunnmørsalpane, ofte kalla ”Dronninga”. Lettaste
ruta går frå Skylstadbrekka på Øye og retur enten om Langsæterdalen til
Urke eller ”Slogråsa” i Norangsdalen.
Patchellhytta
(DNT), Norangsdalen
Tid:
3 timar.
Start: Skylstad – Øye eller Stranda. Noko bratt og krevjande. Godt fottøy.
Hytta er utvida til 23 sengeplassar.
Skårasaken
og Kvistaddalen  Tid:
4-8 timar.
Start: Kvistad, følg Årsetelva og vidare mot Kvamsedalen.
Familievennleg. Sportsfottøy.
Tinderekkjene i desse dalane er svært rivne og spisse, og dei er mange.
På venstre side av Kvistaddalen finn du m.a. toppane Kvistadkjerringane
og Skårasalen (1546 m o.h.) som er den høgste tinden.
Skorgedalen
Tid:
5-6 timar, dagstur.
Start: Skorgeura, Ørsta eller Busetra, Vartdal.
Familievennleg, moderat stigning. Sportsfottøy.
Alternative ruter, enten om Trollkoppvatnet eller Vasskoppen/Skålaskaret.
Melshornet
(808 m o.h.)
Tid:
3 timar.
Start: Raudemyrvegen i Volda eller Rystefeltet i Ørsta.
Familievennleg, moderat stigning, skogsveg og gode stiar. Sportsfottøy.
Dinglavatnet er drikkevasskjelde.
 |