Oversikt over mange fjellturar finn du i bøkene Fotturar på Sunnmøre 
og på nett.http://www.iriss.no/web/PageND.aspx?id=12
Boka får du kjøpt på Turistkontoret i Ørsta.

På turistinformasjonen får du turforslag og høve til å kjøpe turkart. Bruk eigna fottøy og ta med ekstra tøy, vêret skiftar ofte fort. Nedanfor er det opplista nokre turforslag,men hugs at det finst mange andre flotte turar som ikkje er nemnde her!

Familieturar med viltre born som lurer på kva som løyner seg rundt neste sving.

Brudavollen/Hellevegen, tursti. Store steinheller er lagt som trappetrinn gjennom skogen opp til Brekkesetra

Dalsvatnet rundt i Bjørdalen, kultursti på ca 3 km rundt vatnet

Kulturminneløypa på Bjørke. Start på Brusletta og går rundt Bjørke og Åkre

Elvedalen frå Volda sentrum opp til Rotevatnet, tursti

Rotevatnet rundt, Volda sentrum, tursti.Kan kombinerast med Elvadalen

Andaneset-Grevsneset,Volda, asfaltert veg utan trafikk frå Volda sentrum mot Austefjorden

Lette fotturar

Vallasætra/Mosætra, ca 2 t. med utgangspunkt i Ørsta sentrum

Romedalen, 7 km flat turveg Innover sidedal til Follestad

Melshornet, ca 3 t. til toppen anten frå Volda-sida eller Ørsta-sida. Også fin overgangstur mellom Ørsta og Volda sentrum

Fladalen, Bjørkedalen, ca 1 t. lett turkøype

Liadalsætra, ca 1 t. frå Liadal innover Liadalsdalen

Helgehornet er eit lett tilgjengeleg grensefjell mellom Ørsta og Volda. Ca 1 t. til toppen frå Hovdevatnet eller Sollidalen

Lidaveten, ca 1 t. til toppen frå Eidheim på Berknes

Den gamle postvegen frå Kile til Olavskrossen, Olavskjelda og Bjørkedalsvatnet. Ca 1 t.

Ta turen innover Kvistaddalen frå Bondalen,ca 2 t.

Julianske Borg 2-3 t. til toppen av dette fornminnet med oppstigning frå Myklebust i Årsetdalen på Nordre Vartdal