Oversikt over mange fjellturar finn du i bøkene Fotturar på Sunnmøre 
og på nett.http://www.iriss.no/web/PageND.aspx?id=12
Boka får du kjøpt på Turistkontoret i Ørsta.

Brudavollen natur- og kultursti Tid:        
45 min. Start: Brudavollen, 4 km frå Ørsta sentrum. Familievenleg, godt skilta med informasjon om tre, plantevekst og kulturminne. Sportsfottøy.
Turen kan kombinerast med tur til Brudavoll- nakken. Kok kaffi i den gamle jakthytta, deretter til Brudavollsetra, Sandhornet (909 m o.h.) eller Grøthornet. Tilbaketur til Ørsta sin ”Bessegg”, til Brekkesetra og Hellevegen. Tid: 3-4 timar.

Molladalen 
Tid: 2,5 timar frå Barstadvik, evt. 5-7 timar frå Ytre Standal/Romedalen.
Start: Barstadvik, Ytre Standal eller Romedalen. Bratt og krevjande terreng. Godt fottøy. Populært tur- og klatreområde. ”Luftige” parti er sikra med ståltau.
Slogen (1564 m.o.h.)        
Tid: 4 timar opp, 3 timar ned.
Start: Øye – Skylstad eller Urke evt. Stranda. Delvis Bratt og krevjande. Godt fottøy. Majesteten mellom Sunnmørsalpane, ofte kalla ”Dronninga”. Lettaste ruta går frå Skylstadbrekka på Øye og retur enten om Langsæterdalen til Urke eller ”Slogråsa” i Norangsdalen.

Patchellhytta (DNT), Norangsdalen         
Tid: 3 timar.
Start: Skylstad – Øye eller Stranda. Noko bratt og krevjande. Godt fottøy. Hytta er utvida til 23 sengeplassar.

Skårasaken og Kvistaddalen         
Tid: 4-8 timar.
Start: Kvistad, følg Årsetelva og vidare mot Kvamsedalen. Familievennleg. Sportsfottøy.
Tinderekkjene i desse dalane er svært rivne og spisse, og dei er mange.
På venstre side av Kvistaddalen finn du m.a. toppane Kvistadkjerringane og Skårasalen (1546 m o.h.) som er den høgste tinden.

Skorgedalen        
Tid: 5-6 timar, dagstur. Start: Skorgeura, Ørsta eller Busetra, Vartdal. Familievennleg, moderat stigning. Sportsfottøy.
Alternative ruter, enten om Trollkoppvatnet eller Vasskoppen/Skålaskaret.

Melshornet (808 m o.h.)        
Tid: 3 timar. Start: Raudemyrvegen i Volda eller Rystefeltet i Ørsta. Familievennleg, moderat stigning, skogsveg og gode stiar. Sportsfottøy. Dinglavatnet er drikkevasskjelde.