Her er nokre døme:

Follestaddalen rundt,start frå Høgebrua ca.4 km frå Ørsta sentrum retning Sæbø, og videre ca.18 km på bygdevegen rundt dalen tilbake til utgangspunktet.
Romedalen (over til Nordre Vartdal),start frå Kolåsen ca.13 km frå Ørsta sentrum ,videre på grusveg ca 10 km innover dalen og det er mogleg å sykle i terrenget over til Høgebakkane på Nordre Vartdal.
Dalsfjorden rundt,start frå Lauvstad fergekai rundt fjorden til folkestad ferjekai er knapt førti km langs landevegen.
Berkneset rundt,start i Hovdebygda rundt neset på bygdeveg med retur til Mork og Furene i Volda ca 25km.
Urke og Øye i Norangsfjorden,flott sykkeltur frå fergekaia på Lekneset.