Det spesielle med Rasmusnaustet til høgre, Knutenaustet, Lassegardsnaustet og Larsnaustet i rekkja er at då fjordbøndene på 15-16 hundretalet byrja å fiske ”uttai land”, altså ute på havet og måtte ha større båtar, seksringar og fjørefar, forlengde dei nausta med ein loddrett stokk der dei felte inn tømmer frå gamle hus til forlengelse av naustet. Denne byggemåten er ganske ukjend andre stader, og i alle fall på fire jamgamle naust i same bygda.