Korleis reiser du til oss
Frå Oslo
E6 nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta. Ferje mellom Folkestad og Volda.

Frå Bergen
E39 nordover. Ferje frå Oppedal til Lavik, frå Anda til Lote og frå Folkestad til Volda.

Frå Trondheim
Alt. 1: E39 sørover. Ferje frå Halsa til Kanestraum, frå Molde til Vestnes og frå Solavågen til Festøya.
Alt. 2: E6 til Dombås, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta.Alt. 3: E6 til Dombås, E136 til Ålesund og E39 til Ørsta.

Ørsta/ Volda Lufthamn Hovden
Daglege flysamband med Sandane, Sogndal, Oslo og Bergen

Tog
Frå Oslo og Trondheim kan ein ta tog til Åndalsnes, E136 til Ålesund
og E39 til Ørsta

Vil du ha meir informasjon om Ørsta?
Ta kontakt per telefon 700 68518 eller e-post.
Eller du kan laste ned brosjyre vår: pdf

Minner frå Ørsta
Turistinformasjonen i Ørsta sel souvenirer som T-skjorter, bøker, postkort, lokalt handarbeid med meir... Om du, etter å ha lese web-sidene våre, er meir nysgjerrig på informasjon når du kjem til Ørsta, finn du oss godt synleg i sentrum i Parkveien 7.

Skriv ei helsing
i vårt nye "gjestekart". Ved å klikke på "GuestMap" til venstre får de opp eit verdenskart der de kan markere heimstaden dykkar og leggje inn ei lita helsing. Ytterleg forklaring finn du i sjølve gjestekartet (kun på engelsk).

Medlemsbedrifter kan du laste ned her