Ivar Aasen-tunet
Nynorsk kultursentrum

Ivar Aasen-tunet gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp, og er ope heile året. Hovudbygningen frå år 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg.Tida går fort i utstillingane som er til å sjå og ta på. Du kan teste dialektkunnskapane dine, sjå kva ein bonde brukte trykkjeriet sitt til i 1809, opne skuffer med det rare i og sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke. Kvar dag fortel vi noko nytt om all verdas språk og språk i Noreg. Omvisning i sommarsesongen kvar heile time, elles etter behov. Borna får bli med tunkatten Lurivar på spesialomvisning kvar tysdag og fredag i sommarsesongen.
Dei nynorske festspela siste helga i juni er det årlege høgdepunktet i kulturprogrammet i tunet. Kafeen byd på smakfull mat og butikken rommar hundrevis av varer og unike gåveartiklar i mange prisklassar.
Sjå  http://www.aasentunet.no