Hjørundfjorden er ein av dei mest dramatiske og vakraste fjordane i Norge.Fjorden skjer seg 35 km gjennom fjellmassivet og kløyver Sunnmørsalpane i to.Fjellsidene stuper loddrette ned i fjorden frå ei høgd på 1400-1700 meter.Lengst inn deler fjorden seg i to fjordarmar,mot sør held Storfjorden fram mot bygda Bjørke og i austleg retning strekkjer Norangsfjorden seg mot Øye og Norangsdalen.Historia om  folket langs fjorden kan vere dramatisk,naturkreftene har til tider vore nådelause,men gardane og bygdene har likevel eksistert i hundrevis av år og framleis er det lys i vindaugo i husa langs Hjørundfjorden.Nokre grender er framleis i våre dagar veglause,men ferja opprettheld kontakta med omverda.Hjørundfjorden er eit ideelt reisemål for ein aktiv ferie,rekreasjon og store naturopplevingar i ei område masseturismen enno ikkje har nådd.