Fjordfiske til eige bruk er fritt, ein kan nytte stong, snøre,dorg og garn og prøve fiskelykka etter torsk, sei, hyse m.m. Mange gode fiskeplassar er tilgjengelege frå båt, kaier og langs strendene, nokre er tilrettelagde for rullestol. Der er fiskerestriksjonar i nærleiken av fiskeoppdrettsanlegg.
Vil du fiske i elvar og vatn, kjøper du fiskekort av grunneigar, på overnattingstadar osb.
Fiske i elvar og vatn krev dessutan fiskeavgiftskort, betalt i post, bank eller på nett.
Dette gjeld heile i Noreg, kvittering må takast med under fisketuren. Barn under 16 år fiskar fritt. Elvane er ofte inndelt i soner, der ein kan nytte fluge, sluk eller agn for å prøve å fange laks og aure. I fiskevatna kan ein få aure og røye på kroken. Bruk flytevest i båt og nær vatn!