Skorgedalen

Tid: 5-6 timar, dagstur. Start: Skorgeura, Ørsta eller Busetra, Vartdal. Familievennleg,moderat stigning.
Sportsfottøy. Alternative ruter, anten om Trollkoppvatnet eller Vasskoppen/Skålaskaret.

Rotsethornet (649 m.o.h.)

Tid: 4 timar Start: Parkeringsplassen ved Leirshaugen i Volda. Delvis bratt og krevjande. Godt fottøy.
Utsikt over sentrum og Voldsfjorden. Nedturen kan alternativt gå om Litjedalen.

Slogen (1564 m.o.h.)

Tid: 4 timar opp, 3 timar ned. Start: Øye – Skylstad eller Urke. Delvis bratt og krevjande. Godt fottøy. Majesteten mellom
Sunnmørsalpane,ofte kalla”Dronninga”. Lettaste ruta går frå Skylstadbrekka på Øye og retur anten om Langsæterdalen til
Urke eller ”Slogråsa” i Norangsdalen.

Molladalen

Tid: 2,5 timar frå Barstadvik, evt. 5-7 timar frå Ytre Standal/Romedalen. Start: Barstadvik, Ytre Standal eller Romedalen.
Bratt og krevjande terreng.Godt fottøy. Populært tur- og klatreområde. ”Luftige” parti er sikra med ståltau.

Felden (1272 m.o.h.)

Tid: Frå 2 timar eller dagstur Start: Dale i Dalsbygda eller Laurdalen i Bjørkedalen. Moderat stigning. Godt fottøy.
Seterveg til Hesteflotane/ Sanden, deretter opp Frøyskaret, og aksla til toppen.

DNT Ålesund og SunnmøreTuristforening

har tre av sine hytter i Sunnmørsalpaneog milevis med T-merka ruter. Medlemer av DNT får utlevert nykel tilhyttene på
turistkontoret i Ørsta mot depositum på kr 100,-. Prisar for overnatting, sjå aaast.no. Hyttene er:

Patchellhytta 818 m.o.h.
mellom Slogen og Smørskredtind, i vestlege delen av Habostaddalen mellom Stranda og Øye. 28 senger og hems.
Sjølvbetjent nykelbu med proviant.

Standalhytta 396 m.o.h.
på Standaleidet ved Kolåstinden og Sætretindane. Avtale med Aalesunds Skiklubb for ubetent avdeling med 10 senger.

Tyssenaustet 660 m.o.h.
på nordsida av Tussevatnet ved Bjørke i Hjørundfjorden. Ubetent sommarhytte med 6 senger ogelektrisk oppvarming.