Ørsta - liten by i stor natur

Frå gamalt av vart plassen kalla Ørstavik, men no ber både bygdebyen og kommunen namnet Ørsta. I kommunen bur det i dag i overkant av 10 000 personar. Ca. 6 500 av desse bur i kommunesenteret. Her har det vakse fram eit stort handelsområde med kjøpesenter og gågata Vikegata, og vi finn også koselege kaféar, spennande kunstgalleri og parkar. Ein kan særleg nemne den nye hamneparken og den flotte småbåthamna som får mykje besøk omsommaren. Turistkontoret held til i Ørsta Kunsthus – eit kvitt murhus ved parkeringsplassen mellom dei to kjøpesentra.
Den vesle bygdebyen har stor nærleik til naturen. Med Ørsta sentrum som startpunkt kan ein gå toppturar og skogsturar, og i sesongen kan ein gå på bær- eller sopptur, eller fiske i elva. Ein flott topptur som er lett tilgjengeleg frå sentrum er turen til Saudehornet 1303 m.o.h.
Rett sør for Ørsta sentrum ligg Rystelandet med djupvasskai for cruiseskipanløp. Vidare kjem vi til Hovdebygda, der fleire store varehus har etablert seg. Her finn vi også Ørsta-Volda Lufthamn Hovden, som årleg tek imot over 100 000 reisande.
Hovdebygda var heimstaden til Ivar Aasen, og her ligg i dag Ivar Aasen-tunet og Nynorsk Kultursentrum, eit nasjonalt

I Ørsta sentrum ligg m.a. kunst- og kulturkaféen Fru Svendsen, Fugl Føniks Kaffibar, det nyoppussa Hotell Ivar Aasen og Ørsta Kunsthus med turistkontoret. Her er eit flott kulturhus, moderne kino og eit spennande kulturtilbod. ungdomsaktivitetar finn stad i Kaihuset. Rust Club & Scene er mellom dei beste musikkscenene i landet.

Ørstaelva, som renn gjennom sentrum før ho munnar ut i fjorden, har lange tradisjonar for laksefiske.