Vi takkar våre sponsorar

Kalender

Dei nynorske festspela 29. juni-2.juli
Tid: torsdag, juni 29, 2017

Trandalblues 6.juli-8.juli
Tid: torsdag, juli 6, 2017

Naturfestivalen 2017, 22. juli-5.august
Tid: lørdag, juli 22, 2017

Saudehornet rett opp 2017
Tid: lørdag, august 5, 2017

Countryfestival, Trandal 11.august-13.august
Tid: fredag, august 11, 2017

Hurtigruten til Hjørundfjorden
Tid: lørdag, september 2, 2017

Les alle

Aktivitetar i Ørsta-området

Vandring

Det fins godt merka stiar og gode skildringar til utallige turar i heile området. Oversikt  over mange fine turar finn du i bøkene Fotturar på Sunnmøre og på nett.På turistinformasjonen får du turforslag og høve til å køpe turkart og bøker.Bruk eigna fottøy og ta med eksta klær,verskiftar ofte fort!

Fisking

Ørsta-Volda området byr på gode fiskerike fjordar, elvar og vatn, og det er trygt å ete fisken vi fiskar. Båtutleige og organiserte fisketurar er det fleire stadar.

Båtturar

Dei fleste campingplassar og hytteutleigarar ved fjorden har småbåtar for utleige og ein kan også bli med på fjord-sightseeing.Vindtette klær gjer båtturen betre!

På sykkel

Sunnmørsalpane byr på utfordringar for off road sykling,men vi finn også mange familievennlige ruter som er godt eigna for dei som ønskjer seg ein roleg sykkeltur.

Dykking

Dykke-entusiastar finn mange spennande og utfordrande dykkemål under overflata,I tareskogen ligg ei eventyrverd å ventar på å bli utforska.

Riding / gardsferie

Fleire gardar har tidvis tilbod om riding og nærkontakt med dyr.Ta kontakt med turistkontoret for opplysningar om om kva som til ei kvar tid er tilgjengeleg av slike oppplevingar.

Klatring

For deg som ønskjer meir luftige utfordringar kan vi anbefale fleire av dei meir kjende klatrefelta i områda våre.

Bading

Sommarstid er det forfriskande  med bad i elvar,stille fjellvatn og salte sjøbad i heile området.Fine badeplassar fins m.a. ved:

Båthamner og gjestebryggjer

Småbåthamner og gjestebrygger finn ein fleire stader,i Hjørundfjorden ved Sæbø,Øye og Bjørke. På Vartdal,i Barstadvik,på Rjåneset,i Austefjord og Dalsfjord. Småbåthamnene i Ørsta og Volda sentrum har alle fasilitetar.