Vi takkar våre sponsorar

Kalender

Hurtigruten til Hjørundfjorden

Tid: lørdag 2. september, 2017
Nordgåande Hurtigrute segler inn Hjørundfjorden og ankrar opp utanfor Urke kvar dag i perioden 2. september- 1. november Ankomst kl 11.30, avreise kl. 14.45. Kaihuset er ope. Det vert organisert utflukter for passasjerane. Velg mellom busstur inn Norangsdalen og lunsj på Hot

Top Main

Orstainfo
Sunnmørsalpane - eit eldorado for fjellfolk og naturelskarar

Sunnmørsalpane - eit eldorado for fjellfolk og naturelskarar

Majestetiske tindar og alpine former skil Sunnmørsalpane frå andre fjellformasjonar. Fjella stuper loddrett i fjorden frå 1500-1600 meters høgd. Sunnmørsalpane strekkjer seg frå Nordfjord i sør til Storfjorden i nord, og Ørsta ligg i sjølve hjartet av dette området som er godt eigna til fjellturar gjennom heile året. Fjella byr på alt frå enkle ruter og oppmerkte stiar i flate fjelldalar til meir utfordrande klatreruter og "tinderangling". Turistforeninga (DNT) har 3 hytter i området vårt, Patchellhytta, Standalhytta og Tyssenaustet. Turistkontoret kan hjelpe deg med informasjon og forslag til turar. Her får du også kjøpt turkart for Sunnmørsalpane.

Ørsta kommune har over 10 000 innbyggjarar, og bygdebyen Ørsta ligg ved Ørstafjorden omkransa av bøge fjell. 3 km frå sentrum, i Hovdebygda, ligg Ørsta Volda lufthamn Hovden. Litt lenger aust splittar Hjørundfjorden Sunnmørsalpane i to og dannar eit av dei mest drammatiske fjord- og fjellandslapa i landet.

Les meir i Sunnmørsalpeguiden. Last ned pdf-versonen her: http://www.bondalseidet.no/orsta-reiselivslag/

Korleis reiser du til oss

Frå Oslo
E6 nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta.