Vi takkar våre sponsorar

Kalender

Å oppleve i Ørsta-området

Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet gir deg gode opplevingar og undrande ettertankar om språk, litteratur og arkitektur. Tunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp, og er ope heile året. Hovudbygningen frå år 2000 er teikna av meisterarkitekten Sverre Fehn og heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg

Bakketunet på Bjørke - Galleri Bjørk

Bakketunet på Åkre er rekna for kanskje å vere Sunnmøre sitt eldste gardstun og skriv seg minst tilbake til middelalderen.I tunet kan du oppleve kunstutstillingar integrert i tunmiljøet.

Ørsta Bygdetun - Brudavolltunet

Brudavolltunet er eit originalt gardstun frå tidleg på 1800-talet. Her finn ein stove,kårstove med eldhus,stabbur,låvebygning med fjøs,smie og hage med blomster og tuntre. Bunadsutstilling.

Restaurerte hus på Bjørke

Tueplassen med stovehuset frå 1750 stod nokelunde uendra fram til førtiåra. Med tida forfall fleire av husa på husmannsplassen til restaureringsarbeidet kom igang i 1988.
 

Monument i Ørsta

Bilethoggar Dyre Vaa sitt monument av nynorsken sin far Ivar Aasen (1813-1896) er plassert i sentrum av Ørsta ved E39.
Statua av diktarpresten Anders Hovden(1860-1943) laga av kunstnaren Anne Grimdalen står like ved.

Kyrkjene i Ørsta kommune.

I Ørsta kommune er det fire kyrkjer.Ei i Ørsta sentrum for sentrum og nærliggande bygdekrinsar,ei på NordreVardal for folket langs Vartdalfjorden.På Søbø ligg Hjørundfjord Kyrkje,kyrkja for grendene i ytre del av Hjørundfjorden og Storfjord Kyrkje på Bjørke for bygdene inst i fjorden.

Naustrekkja i Bjørkevikja

I den fleire hundre år gamle naustrekkja nede ved fjorden på Bjørke finn vi grindbygde naust med gamle båtbord til kledning.Det restaurerte Notanaustet i same området fekk prisen for Godt vern i 2010.

Kvernhusa i Skorgeura

I Skorgeelva v/ E-39 står tre restaurerte kvernhus. Her kan ein sjå korleis dei mol kornet i eldre tider.
Ingen veit kor gamle dei er men dei var i bruk til uti nittenførtiåra.

Jettegryta på Bjørke

Under tunnelbygginga i 2009 fann anleggsarbeidarane ei stor jettegryte midt i trasèen og for å verne gryta vart vegen flytta tolv meter. Jettegryta er 8 meter i diameter og seka meter djup.

Brudavollen natur- og kultursti

Brudavollen natur- og kultursti