Sunnmørsalpane - eit eldorado for fjellfolk og naturelskarar Majestetiske tindar og alpine fjellformasjonar skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområder. Fjella stuper loddrett i fjorden frå 1500-1600 meters høgd. Sunnmørsalpane strekkjer seg frå Nordfjord i sør til Storfjorden i nord, og Ørsta kommune ligg i sjølve hjartet av dette området som er godt eigna til fjellturar gjennom heile året. Fjella byr på alt frå enkle ruter og oppmerkte stiar i flate fjelldalar til meir utfordrande klatreruter og "tinderangling". Turistforeininga (DNT) har 3 hytter i området vårt, Patchellhytta, Standalhytta og Tyssenaustet. Turistkontoret kan hjelpe deg med informasjon og forslag til turar. Her får du også kjøpt turkart for Sunnmørsalpane.
|
|
|
|
Guida tur til Bjrke onsdag 20. juli
Flott tur med Sunnmørsalpane Guide Service: buss til Sæbø og båt til Bjørke der vi blir med på kulturvandring. Turstart utanfor Hotell Ivar Aasen kl 9:30. (Avreise Sæbø kl 10.15.) Båtturen gjev oss høve til å oppleve eit av dei vakraste fjordlandskapa i Noreg. På Bjørke vert vi tekne i mot av eit lokalt vertskap. Vi har laga ein spennande tur med variert innhald. Mange bygningar fortel om livet inst inne i Hjørundfjorden i gamle dagar. Bygda er unik ved at vi finn ein så høg konsentrasjon av gamle bygningar her. På Bjørke nyttar vi føtene som framkomstmiddel! Til saman bli det om lag ein times gange på veg, sti og mark. Ein bør ta med gode sko og kle seg etter vêret. Turlengd ca 6 timar. Prisar: V. kr 490,-, Born t.o.m. 12 år kr. 260,-, Fam (2v+2b) KR 1300,- Hotell Ivar Aasen sel matpakke for turen. Førehandspåmelding 19. juli innan kl 14. Tlf: 70 06 85 18, e-post info@orstainfo, Turistkontoret i Ørsta, Webjørn Svendsensgt. 9
|
|
|
10 300 menneske bur i Ørsta - 6 500 i kommunesenteret. Kommunikasjonane er gode. Ørsta/Volda Lufthamn har fleire daglege flygingar til Oslo og Bergen, og Ørsta er trafikknutepunkt for E39 og RV655. Frå Ørsta er avstandane små til store opplevingar! Dra på ei reise frå øyane i havgapet inn til dei djupe fjordane og opp på høgfjellet. Kombiner det med kulturopplevingar og eit urbant miljø i Ørsta sentrum. Bygdebyen er omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane og ligg inst i Ørstafjorden. Ørsta sentrum har alt du treng: ei flott handlegate, to store kjøpesenter, kaféar og serveringsstader med uteservering. Den nye hamneparken har vorte ein flott strandpromenade. Frå sentrum kan du gå rett ut i naturen til vakre utsiktspunkt høgt oppunder himmelen og til skogen langs elvebreidda.
|
|
Les mer
|
|
|
Hjørundfjorden er ein vakker og mest dramatisk fjord som skjer seg 35 km gjennom fjellmassivet og kløyver Sunnmørsalpane. Langs fjorden finn vi små bygdesamfunn. Nokre grender er veglause, men ferja opprettheld kontakta med omverda. Sæbø ligg på vestsida av fjorden. Her finn vi det særmerkte Sagafjord Hotell i strandkanten, campingplassar og lakseelv. Sæbø er eit godt utgangspunkt for fjellturar, båtturar og fjordfiske. På Rekkedal Gjestehus vert det servert mat av høg kvalitet. Øye og Norangsdalen På austsida av fjorden ligg den vesle bygda Øye ved inngangen til den tronge og ville Norangsdalen. Her er Hotel Union Øye gjenskapt slik det sto i 1891 då keisarar, kongar og dronningar var på gjestelista.
|
|
Les mer
|
|
|
1. etg inneheld galleri med skiftande utstillingar og det heilårsopne turistkontoret. Olav-Strømme samlinga har lokale i 2. etg. Denne heng med nokre få unntak permanent. Kunsthuset har eit program som også omfattar m.a. konstertar og temakveldar med foredrag. Sjå www.orstakunstlag.no
|
|
Les mer
|
|
|
Småbåthamna i Ørsta sentrum er rangert på førsteplass som ein av dei beste hamnene på Vestlandet. Her er 24 gjesteplassar og hamna har alle fascilitetar. Første helga i august arrangerer Ørsta Småbåtlag båttreff og folkefest i småbåthamna i samband med motbakkeløpet Saudehornet rett opp.
|
|
Les mer
|
|
|
Brudavolltunet er eit originalt gardstun frå tidleg på 1800-talet. Her finn ein stove, kårstove med eldhus, stabbur, låvebygning med fjøsar, smie, hage med steingard rundt, blomsterenger m.m. Tunet ligg ved Rv. 655, ca 4 km frå Ørsta sentrum.
|
|
Les mer
|
|
|
Rust club & scene er ei musikk- og kulturscene i Ørsta. Dei arrangerar konsertar med kjende og ukjende artistar, Stand-Up og clubkveldar med nasjonale og lokale dj's.
|
|
Les mer
|
|
|
Det er kafè og galleri i første etasje. Her vert det servert tradisjonelle heimelaga kaker og lunsjmat. Ein svært hyggeleg og lun kafe med atmosfære.
|
|
Les mer
|
|
|
Ny bowlingghall på Fjord-torget i Ørsta sentrum. Opningstider: man-fre: kl. 11.00-23.00 lau: 11.00-24.00 søn: 14.00-23.00
|
|
Les mer
|
|
|
|
|
Frå Oslo E6 nordover til Otta, riksveg 15 til Nordfjordeid og E39 til Ørsta. Ferje mellom Folkestad og Volda.
|
|
Les mer
|
|
|
|
|